Velkomen til NordAccordion 2025!
I 2025 arrangerer NordAccordion igjen den vakraste akkordeonfestivalen frå 11.–16. august, med det tradisjonelle sommerseminaret og mange norske og internasjonale gjester! Så set eit stort kryss i kalenderen for nye musikalske eventyr på vakre Voss! Konsertane inkluderer James Crabb (GB), Geir Draugsvoll (NO), Gemini Duo, Kristina Farstad Bjørdal, Britt Pernille Frøholm og mange av dagens unge internasjonale stjerner innan akkordeon. I 2025 er vi stolte over å ha Magnar Åm som festivalkomponist – med nye verk og ei moglegheit for studentane til å få tilbakemeldingar på hans eigne verk for akkordeon. Og Veli Kujala er tilbake, i år som pedagog. Velkomen!
Konsertprogram

Gratis konsert på Stalheim Hotel
Spektakulære utøvarar - spektakulær utsikt
Gemini Duo har gjort lynkarriere som akkordeon-duo sidan dei fyrste gongen vitja NordAccordion som unge studentar i 2018. Sidan har dei spelt på verdskjende scener som Carnegie Hall ...

Konsert i Bakka kyrkje
Stemningsfullt midt i verdsarven
NordAccordion samlar unge akkordeon-talent frå heile verda til eit sommarkurs på Ole Bull Akademiet. Ta turen til vakre Bakka kyrkje og høyr kva desse unge musikarane har jobba med denne veka....

NordAccordion finalekonsert
Årets unge studentar får vist kva dei kan
Kom og høyr avslutningskonserten med deltakarar frå NordAccordion sitt sommarkurs! Her byr me på eit variert repertoar av komponistar – frå barokktida, via 1800- og 1900-talet, og heilt fram ti...

Magnar Åm - Portrettkonsert
Festivalkomponist og urframføring
Magnar Åm er vår festivalkomponist i 2025, og han har ei heilt særeigen stemme i det norske musikklivet. Me er særs glade for at han har skrive så mykje musikk til eit like særeige instrument som akkor...

Lunsjkonsert i Voss Sparebank
Med ein av landets mest rutinerte trekkspelarar
Trekkspelaren Håvard Svendsrud serverer eit musikalsk streif «frå Rameau til Haagenrud». Håvard er utdanna ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og vert omtala som ein av Skan...

'Duoissimo'
3 komponistar, 2 duoar, 1 instrument
Akkordeon-duo har vist seg å vera ei framifrå moglegheit for instrumentet til å tolka og framføra transkripsjonar av store orkesterverk. Med kammermusikalsk presisjon og eit rikt dynamisk klangspekt...

Opningskonsert 2025 - i Vangskyrkja
Sofia Gubaidulina in memoriam.
NordAccordion heidrar ein av samtidas mest betydningsfulle komponistar, Sofia Gubaidulina (1931 – 2025). Programmet kombinerer verk av Johann Sebastian Bach og Gubaidulina – inkludert urframføri...
