OSASALEN - Ole Bull Akademiet
LAURDAG 22. APRIL KL. 14
Me får ikkje sova!
Det er visst ingen som søv lenger. Kjendisane søv ikkje, og ikkje me andre heller. Ei god natts søvn er plutseleg utanfor rekkevidde. Me ligg vakne, heile gjengen.
15-20 prosent av oss har diagnosen insomni. Me har sovemedisinar, søvnterapeutar, sovemasker, sov-i-ro. Men kva er det eigentleg som held oss vakne? Og kva skjer med eit menneske som ikkje får sova?
Mange komponistar og forfattarar har skildra ulike aspekt ved søvnløyse. I konsertframsyninga INSOMNIA har me sett saman tekster og musikkstykke som handlar om nettopp dette.
Repertoaret går på kryss av tidsepokar, stilartar og språk. Me spelar hypnotiserande og hysteriske voggeviser, kjærleikshymner til månen og stille songar frå dødsleiet.
Velkommen til ei mørk, lys, tragikomisk og vakker søvnlaus natt!
MUSIKK AV: Bach, Britten, Berio, Mussorgskij, Øverli, Grieg, Ratkje m.fl.
IDÉ/KONSEPT: Marita Kjetland Rabben
UTØVARAR:
Ingvill Holter (sopran)
Ida Løvli Hidle (akkordeon)
Marita Kjetland Rabben (piano)
TEKST: Marianne Meløy
OM UTØVARANE:
Ida Løvli Hidle er ein svært allsidig akkordeonist. Ho har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar i musikk- og akkordeonkonkurransar, og har samarbeida med klassiske songarar som Lise Davidsen og Anne-Lise Berntsen. Ho medverkar også på fleire jazz- og popinnspelingar med ulike artistar.
Ingvill Holter (sopran) er fast tilsett som 2. sopran i Edvard Grieg Kor i Bergen. Ingvill er ein ettertrakta solist, ho gjer roller i opera- og teaterproduksjonar og er mykje brukt som solist med barokkensemble i inn- og utland.
Marita Kjetland Rabben (pianist) er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har fleire faste ensemble, og produserer også eigne tverrkunstnariske framsyningar. Saman med Ingvill har ho duoen Vestavill.


Billett til denne konserten får du kjøpt på TicketCo