LAURDAG 5. AUGUST KL. 19.30
Moldo Duo består av Radu Ratoi (akkordeon) og Stefan Diaconu (fløyte), og er ein frisk og dynamisk duo med høgt teknisk og kunstnerisk nivå.
Namnet på duoen viser til musikarane sitt opphav; begge er fødde i Moldova, Stefan på rumensk side og Radu på den moldoviske republikken si side. Begge har fått individuelle prisar og utmerkingar som viser at dei er mellom dei beste musikarane i sin generasjon. Dei spelar i diverse kammergrupper i Europa, Amerika og Asia. Debutkonserten deira var i mai 2022 i den ikoniske salen til Tivoli i København.
Nils Kvamsdal frå Voss er vert, og losar oss gjennom konserten.