LAURDAG 5. AUGUST KL. 12.00
På denne konserten skal elevane, og nokre av dei profesjonelle, ved kurset få spele frå sitt repertoar, og ting dei har jobba med på kurset. Ta turen til vakre Stalheim Hotel og høyr desse unge talenta vise kva dei jobbar med denne veka!
Dette blir ein svært variert konsert med høgt nivå!
Fri entre!