Ta kontakt på med oss på e-post: post@nordaccordion.com
Telefon: +47 975 91 742
Organisasjonsnummer for NordAccordion: 919848081
c/o Ida Løvli Hidle, Stigenga 142, 0979 Oslo
Ida Løvli Hidle har vore dagleg leiar for NordAccordion sidan starten i 2018. Ho er ein premiert akkordeonist med 1. pris frå mellom anna ”Internasjonal Competition for Accordion Soloists” i Belgia 2012, har konsertert i ei rekke land og samarbeidd med komponistar som Sofia Gubaidulina og Erlend Skomsvoll. I tillegg jobbar ho innan ei rekke sjangrar og konstellasjonar – frå jazzorkesteret ”Skadedyr” til å vere kapellmeister på turné med Malmø Opera. Hidle har motteke ein rekke prisar og stipend, mellom anna Ticon Musikkstipend og Kulturrådet sitt arbeidsstipend for unge musikarar.
«NordAccordion for meg er fellesskap, engasjement, samhald, glede og inspirasjon på tvers av sjanger, landegrenser og alder. Då vi starta opp NordAccordion, var målet å lage eit arrangement som skulle inspirere unge akkordeonistar frå heile verda. Det skulle vere eit sommarkurs med meisterklassar på ypparste internasjonalt nivå. Ganske fort innsåg vi at dette ikkje var nok. Når vi samlar så mange dyktige musikarar på Voss var klart at vi også måtte lage ein festival. Også denne med konsertar på ypparste internasjonale nivå. I alle mulige sjangrar. Fordi NordAccordion er trekkspelfestivalen som ikkje er heilt som alle andre trekkspelfestivalar. Og mitt største ønskje er at denne heilt unike festivalen skal vere noko som vossingar og tilreisande kan glede seg til og vere stolte av i mange år framover.»
Geir Draugsvoll er kunstnerisk leiar av Nordaccordion, og ein av initiativtakarane til festivalen. Som akkordeonist har han spelt over heile verda, og er velkjent for eit innovativt og variert repertoar. Ikkje minst har konsertane hans som solist med orkester sett spor etter seg, og han har blant anna spelt som solist med London Symphony Orchestra, Mariinsky Orchestra, Kremerata Baltica, Berkeley Symphony og mange andre verdskjende orkester. Utover å vere musikar, så er Geir professor på det Kongelige Danske Musikkonservatorium, der han har runda 25-år som lærar.
"Nordaccordion er tenkt som ein festival for akkordeonistar frå heile verda, med fokus på at den yngre norske generasjonen får eit sosialt samlingspunkt, og å gjere det mogeleg for dei å få eit internasjonalt perspektiv. Dette får me ved at det kjem unge og studentar frå heile verda, og ved at me legg til rette for at dei beste akkordeonistane og professorane har lyst til å vitje Voss. Dei fyrste festivalene har vore kjempeskøy å vere med på, både for publikum, arrangørar og studenter! No fortset me, og ønskjer velkomen til ny festival!"
Kristina Farstad Bjørdal er utdanna akkordeonist ved Noregs Musikkhøgskule og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Ho jobbar som freelancemusikar, pedagog og journalist. Kristina brenn for rekruttering på akkordeon/trekkspel, og få instrumentet ut til eit breitt publikum. Ho er opptatt av at tiltaket skal ha positive verknadar også i ein større samanheng, og føre til musikalsk og pedagogisk samarbeid.
"Eg er utruleg takknemlig og stolt av å få lov til å bidra til ein så viktig festival som NordAccordion. Dette er ein utruleg viktig festival for instrumentet vårt og utøving på akkordeon, både nasjonalt og internasjonalt. Den unike moglegheita unge utøvarar har til masterclass med nokre av verdas beste på vårt instrument, er heilt fantastisk. Heilt unikt", seier Kristina Farstad Bjørdal.