Velkommen til NordAccordion på Voss, 8.-13. august 2019!

Hjarteleg velkommen til NordAccordion 2019!

Hjarteleg velkommen til NordAccordion 2019!

Det er ei ære og ei glede å ønskje velkommen til NordAccordion 2019. 
Etter mykje planlegging og vidareutvikling av fjorårets arrangement, er det hyggeleg å ønskje velkommen til både gamle og nye deltakarar på årets sommarkurs på Voss. Mange kjem langvegs frå; Kina, Israel og ein rekke stader i Europa, og me er utruleg glade for at det kjem fleire flotte, norske deltakarar. Ved sommarens kurs vil elevane få meisterklassar med nokre av verdas leiande akkordeonistar; Friedrich Lips (RU), Matti Rantanen (FI), Geir Draugsvoll (NO) og Ida Løvli Hidle (NO). 

Elevane og instruktørane vil spele konsertar under NordAccordion-festivalen. I tillegg til ”Festkonsert” med Lips, Rantanen og Jostein Stalheim, vil vi få høyre ein eksklusiv release-konsert med Geir Draugsvoll og Mette Rasmussen der dei framfører tango som garantert finn vegen inn i mange hjarte. Vi er også så heldige å få eit gjensyn med Hanzhi Wang som gjentar suksessen frå i fjor med lunsjkonsert på vakre Stalheim Hotell saman med Geir Draugsvoll. Sist Skadedyr gjesta Voss, var på Vossajazz i 2018. No kjem det utradisjonelle og underhaldande bandet tilbake og spelar eit knippe låtar frå sine tre kritikarroste plater: Kongekrabbe, Culturen og Musikk! Sist, men ikkje minst, får vi i år besøk av to av landets beste unge operasongarar; Aleksander Nohr og Sigrid Vetleseter Bøe. Dei vil i samspel med Ida Løvli Hidle servere alt frå opera- og musikalklassikarar til viser på operapub på hyggelege Tre Brør!

Det er med andre ord mykje å glede seg til for alle! Vi gleder oss til å sjå dokker på Voss 8.–13. august! 

 

NordAccordion på Instagram

 

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune