I disse selsomme tider er det trist å måtte meddele at NordAccordion 2020 ikke kommer til å bli arrangert. Vi har krysset fingre og holdt pusten så lenge vi kan, men nå må vi innse at vi ikke kan gjennomføre festivalen på den måten som VI gjerne vil – på grunn av Covid-19 viruset, og ringvirkninger av dette. Til gjengjeld er vi VELDIG glade for å annonsere at festivalen i sin helhet vil bli flyttet til 2021! Det vil si at vi får besøk av Richard Galliano, Claudio Jacomucci og en rekke lokale og Nordiske artister og lærere - da skal vi ta revansje!

Velkommen til NordAccordion på Voss, 4.-9. august 2021!

Jo Asgeir Lie

Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han er også ein allsidig musikar og komponist, og blir mykje brukt både som utøvar, formidlar og pedagog. Gjennom snart 20 år har han vore med å prege utviklinga av norsk folkemusikk både gjennom eiga utøving, og gjennom administrativt virke. 

Han har også skrive musikk for ei rekkje ensemble og prosjekt, og har ein produksjon som inneheld teatermusikk, liturgisk musikk, vokal- og instrumentalmusikk.

Som utøvar har særleg folkemusikkgruppa Kvarts vore ein sentral del av virket hans, og med denne gruppa har han gjeve ut 9 cd-ar og fått to Spellemannprisar. Han er også ein mykje brukt studiomusikar innafor ei rekkje sjangrar, og har medverka på eit 30-tals innspelingar innafor ulike sjangrar.  

Jo Asgeir Lie er fødd og oppvaksen på Voss. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, med trekkspel/ akkordeon som hovudinstrument. Han har klassisk musikk, folkemusikk og pedagogikk i fagkrinsen, i tillegg til studiar i komposisjon og musikkadministrasjon.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune