Matti Rantanen

Professor Matti Rantanen (født 1952) er ein av dei leiande musikarane på den internasjonale akkordeonscena. Han har spelt solo- og kammermusikk-konsertar på musikkfestivalar over heile verda; Amsterdam, Moskva, Toronto, Reykjavik, Paris, Budapest og Helsinki for å nemne nokre.

Av dei mange selebre musikarane han har samarbeida med kan vi nemne dirigentar Esa-Pekka Salonen, Sakari Oramo, Jorma Panula, Juha Kangas og John Storgårds, slagverkar Kari Kriikku, cembalist Jukka Tiensuu, cellist Marko Ylönen og New Helsinki- og Jean Sibelius-kvartett. Matti Rantanen sitt akkordeonspel har inspirert meir enn 30 finske komponistar til å skrive musikk for instrumentet. Nokre av dei er Einojuhani Rautavaara, Aulis Sallinen, Magnus Lindberg, Jukka Tiensuu, Harri Wessman, Jouni Kaipainen, Erkki Jokinen, Timo-Juhani Kyllönen, Per-Henrik Nordgren, Heikki Valpola, Jarmo Sermilä, Ilkka Kuusisto, Tapio Tuomela, Tapio Nevanlinna, Otto Romanowski og Harri Vuor.

Han starta å spele akkordeon då han var fem år, og fullførte sine studiar i musikkvitskap, pedagogikk og estetikk i 1974. Han har også studert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium hos Mogens Ellegard. Då Sibelius-Akademiet opna for akkordeon-studiar i 1977 ble Rantanen tilsett som leiar for akkordeon-studiane. Sida då har Sibelius-Academiet bygd opp eit stort internasjonalt omdøme og studentane herifrå har vunne over 20 førsteprisar i internasjonale konkurransar.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune