Richard Galliano

Akkordeonist og jazzmusikar

Vi er utruleg stolte og glade over å kunne introdusere ein levande legende på NordAccordion i år. Galliano er ein av verdas fremste på instrumentet, og mange meiner at han tronar helt på toppen. I løpet av karrieren har Galliano spelt inn meir enn 50 album.

Han samarbeider med eit imponerende tal prestisjefulle artistar og musikarar. Innan jazz kan vi nemne; Chet Baker, Eddy Louiss, Ron Carter, Wynton Marsalis, Charlie Haden, Gary Burton, Michel Portal, Toots Thielemans, Kurt Elling. Innan chansons; Serge Reggiani, Claude Nougaro, Barbara, Juliettet Greco, Dick Annegarn, George Moustaki, Allain Leprest, Charles Aznavour, Serge Gainsbourg. Innan det klassiske repertoaret; Nigel Kennedy og fleire orkester.

Under sine verdensturnéar har han opptredd i dei mest prestisjetunge konserthus: Lincoln Center i New York, Victoria hall i Genève, Accademia Santa Cécilia i Roma, Champs Elysées i Paris, Théâtre Marinsky i st. Petersburg og i dei nye filharmoniane i Hamburg og Paris.

Galliano har blitt tildelt ei rekkje prisar for sine innspelingar. Blant dei er "Victoire de la musique jazz" som han fekk to gonger for to ulike album; "New York tango" (1997) og "blow Up" (1998). I 2014 mottok han “Victoire de la musique classique” og fekk også prisen for “The Best Composer of the Year 2014 Award”. I 2010 mottok han "Sacem-prisen for pedagogisk arbeid for akkordeon", som han og faren Lucien Galliano gav ut på Lemoine forlag.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune