Velkommen til NordAccordion på Voss, 8.-13 august 2019!

Det er ein glede å ønske velkommen til NordAccordion for andre året! Festivalen NordAccordion er unik ved at den kombinerer meisterklassar og kurs av svært høg kvalitet for unge akkordeonistar, med konsertar for eit breitt publikum. Festivalen blei etablert av Geir Draugsvoll og Ida Løvli Hidle i 2018 med eit ønske om å skape eit sommarkurs for unge, begava akkordeonister. Eit sommarkurs dei skulle ønskje at fantes då dei sjølv var unge. 

I tilknyting til sommarkurset vil det bli arrangert ei rekkje konsertar rundt om på Voss og i distriktet. Konsertane vil presentere eit breitt spekter av norske og internasjonale akkordeonistar og trekkspelarar innanfor fleire sjangrar. Publikum vil få høyre alt frå klassisk- og samtidsmusikk til jazz og folkemusikk. 
 
Kurset finn stad på Ole Bull Akademiet. Her blir det halde mesterklassar og konsertar. I tillegg vil kursdeltakarar og instruktørar få kost og losji her. Ole Bull Akademiet ligg sentralt ved Voss sentrum, med flott utsikt over bygda. Det blir konserter ved Stalheim Hotell, Bakka Kyrkje og i Voss Kyrkje. Som ein del av kurset vil også artistane på festivalen halde workshops innanfor sine felt. 
 
Det er ei stor glede for oss å kunne ønskje velkommen til NordAccordion 2019 i samarbeide med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Vel møtt!

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Norsk Kulturfond Logo Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune