Program

TipS!

Festivalpass

Vil du delta på heile festivalen? Festivalpasset gir tilgang til alle konsertar, slik at du får med deg heile opplevinga!

KJØP FESTIVALPASS HER (Ticketco)

 

Festkonsert

lips rantanen stalheim

Torsdag 8. august, 20.00 – Ole Bull Akademiet, Osasalen
Friedrich Lips, Matti Rantanen, Jostein Stalheim

Årets NordAccordion blir sparka i gang med denne svært eksklusive konserten. På programmet har vi dei eineståande akkordeonistane; Lips (Russland), Matti Rantanen (Finnland) og Jostein Stalheim (Voss). 

Les

”Time of Life” - releasekonsert

Mette Rasmussen & Geir Draugsvoll

Fredag 9. august, 20.00 –  Voss kyrkje, Vangskyrkja
Geir Draugsvoll og Mette Rasmussen

Velkommen til ein konsert spekka med sensuelle tonar og lidenskap! Denne duoen har spelt konsertar i bl.a. Danmark, Sverige, Sveits, Frankrike og Kina, då gjerne med Astor Piazzolla på programmet. Tango Nuevo, som er blitt sjølve varemerket for duoen, er i hjarta av klangfargen som dei to instrumenta skapar saman. Duoen utgir nå cd-en “Time of Life” på Naxos, med nokre av komponisten sine mest kjende og populære tangoar på programmet.

Les

Operapub

operapub voss

Laurdag 10. august, kl. 21.00 – Tre Brør
Aleksander Nohr (baryton), Sigrid Vetleseter Bøe (sopran), Ida Løvli Hidle (akkordeon)

Kva er vel betre å bruke laurdagskvelden på enn å nyte dei vakraste ariar, viser og musikalsvisker, akkompagnert av akkordeon, på Voss sin hyggelegaste kafé og bar med noko kaldt i glaset? På operapub kjem du tett du på musikarane i eit uformelt miljø. 

Les

”Nasjonalromantisk Fest”

Panorama Stalheim

Søndag 11. august, 12.00 – Stalheim Hotel
Geir Draugsvoll og Hanzhi Wang
Gratis

Eksklusivt. Spektakulært. Vakkert. Dette var berre nokre av adjektiva som vart sagt om lunsjkonserten på Stalheim Hotel med Geir Draugsvoll og Hanzhi Wang i fjor. I år gjentar vi suksessen! 

Musikarane i verdsklasse tek fram det beste sviskerepertoaret sitt og serverer oss nasjonalromantikk frå Noreg til Kina via Russland og Sør-Amerika. Musikken kan nytast i det fantastiske naturlandskapet ute på utsiktsterrassen på hotellet, med ein kaffikopp i handa. 

Fri entre!

Les

Elevkonsert

bakka hoppebilde 2018

Søndag 11. august, kl. 15.00 – Bakka Kyrkje
Elevar frå kurset
Gratis

Ved denne konserten skal elevane på kurset få vise seg fram. Ta turen til vakre Bakka kyrkje og høyr desse unge talenta vise kva dei jobbar med denne veka!

Dette blir ein svært variert konsert med høgt nivå!

Fri entre!

Les

Skadedyr

skadedyr

Søndag 11. august, kl. 21.00 –  Voss kulturhus, Kultursalen
Skadedyr

Skadedyr består av tolv eksepsjonelt dyktige musikarar innan jazz, improvisasjon og eksperimentell rock og pop. Saman utgjer dei eit band som ikkje let som noen andre. Musikken kan kort beskrivast som «dønn seriøs med ein god snert humor». Ein idé, ein melodi eller ein rytme veks i ensemblet og blir familiær og fengande. Dei ser ut som eit stort jazzorkester, men høyres sjeldan ut som det. Skadedyr er sin eigen fauna.

Les

Lunsjkonsert

Måndag 12. august, kl. 12.00 – Voss Sparebank
Gratis

I år som i fjor er vi stolte og glade over å ha Voss Sparebank som vår nære støttespelar. Og vi gleder oss til å komme tilbake og spele lunsjkonsert i sparebanken sine ærverdige lokale.

Her vil du få høyre ein eksklusiv konsert med nokre av festivalen sine flotte musikarar. Hanzhi Wang er eit ungt stjerneskot på den internasjonale akkordeonhimmelen. Ho turnerer over heile verda til stor begeistring frå publikum. Saman med NordAccordion-student Karla Sorčić, vil dei framføre noko av det finaste repertoaret på akkordeon!

 

Voss Sparebank logo

Les

Avslutningskonsert

avslutning 2018 nordaccordion

Tysdag 13. august, kl. 19.00 – Ole Bull Akademiet
Elevar frå kurset

Ved denne konserten skal elevane på kurset få vise seg fram. Kom og høyr desse unge talenta vise kva dei har jobba med denne veka! Vi kan love ein svært variert konsert med høgt nivå!

Les

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune