Festkonsert

lips rantanen stalheim

Torsdag 8. august, 20.00 – Ole Bull Akademiet, Osasalen
Friedrich Lips, Matti Rantanen, Jostein Stalheim

Årets NordAccordion blir sparka i gang med denne svært eksklusive konserten. På programmet har vi dei eineståande akkordeonistane; Lips (Russland), Matti Rantanen (Finnland) og Jostein Stalheim (Voss). 

Friedrich Lips er ein levende legende. Han har spelt i verdens leidande konserthus, og jobba med nokre av våre største solistar og komponistar. I tillegg til hans utøvande karriere er han ein anerkjend professor ved Gnesin-instituttet i Moskva, med dusinvis av fyrstepremievinnande elevar i internasjonale konkurransar. 

Matti Rantanen er ein av dei leiande musikarane på den internasjonale akkordeonscenen. Han har spelt solo- og kammermusikkonsertar på musikkfestivalar over heile verda, og samarbeida med nokre av verdas største nolevande dirigentar og solistar. Studentane hans på Sibelius-akademiet har vunne førsteprisar i internasjonale konkurransar verda over.  Voss sin eigen Jostein

Stalheim kjem til denne opningskonserten med ingenting mindre enn det rykande ferske verket "...langt av garde..." for soloakkordeon er skrevet til NordAccordion 2019. Det innehelder antyding til forskjellige musikkformar - bl.a. Halling. Stalheim er internasjonalt anerkjent som komponist og solist, og har spelt på festivalar med fleire internasjonale orkester, og hans siste innspeling fekk strålende kritikkar.

Gå ikkje glipp av denne legendariske konserterten med nokre av akkordeonverdas store meistrar!

Pris: kr 270

Billettgebyr kr 20,- kjem i tillegg

KJØP BILLETT HER (Ticketco)

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune