Geir Draugsvoll

Geir Draugsvoll blir i dag internasjonalt rekna for å vere ein av dei viktigaste musikarane på sitt instrument - akkordeon.

Foto: Anton Houtappels

Gjennom nært samarbeid med utallige komponistar, må Geir Draugsvoll også karakteriserast som ein av pionerane på instrumentet, og han har urframført meir enn 100 verk av samtidskomponistar. Blant desse urframføringane er også akkordeon-konserten “Fachwerk” av Sofia Gubaidulina, som i dag blir rekna for å vere ein av komponistens viktigaste verk.

Han har opptredd på festivalar og i konsertsalar som Concertgebouw (Holland), Alte Oper Frankfurt (Tyskland), Barbican Hall (London), Mariinsky Hall (St. Petersburg), Gasteig (München), og som solist med orkester som London Symphony Orchestra, Münchener Philharmonic, Mariinsky Orchestra, Staatskapelle Dresden, Maggio Musicale Firenze, Gothenburg Symphony Orchestra, Stockholm Philharmonic Orchestra - dette med dirigenter som Valery Gergiev, Donald Runnicles, Vasily Petrenko, Andres Mustonen, Joana Carneiro, Marc Soustrot, Yuri Bashmet og mange fleire.

Geir Draugsvoll har opptredd på TV og radio ved utallige høve både i Norge og utlandet, og har spela inn ei lang rekke CD’ar på plateselskap som Naxos, EMI, BIS, Delos, Simax osv.

Heimeside og informasjon:
www.geirdraugsvoll.com

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune