Ida Løvli Hidle

Ida er ein premiert akkordeonist med bl.a. 1. pris frå ”Internasjonal Competition for Accordion Soloists” i Belgia 2012. Ho har spelt solokonserter i land som Kina, Belgia, Tyskland, Russland og Canada, og samarbeidd med komponistar som bl.a. Erlend Skomsvoll og Sofia Gubaidulina ved nyutgjevinga av hennar soloverk ”Et Expecto”.

Foto: Erika Hebbert

Nyleg heldt ho sin solistdebut ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium til strålande kritikkar. Ida har motteke ei rekkje prisar og stipend bl.a. Ticon Musikkstipend og Kulturrådet sitt arbeidsstipend for unge musikarar. Ida jobbar innanfor ei rekke sjangrar i tillegg til klassisk, som f. eks. jazz, pop, folkemusikk og tango. Ho er bl.a. fast medlem i jazzorkesteret ”Skadedyr” og har samarbeida med ensemble som Trondheim Jazzorkester, Århus Sinfonietta og Red Note Ensembe. Ho har også lang erfaring som akkompagnatør og har samarbeida med songarar som Lise Davidsen, Anne Lise Berntsen og vore tilsett som kapellmeister på turné med Malmø Opera. Ida har utdanninga si frå Musikkonservatoriet i Trondheim, Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, Norges Musikkhøyskole og Central Concervatory of Music, Beijing.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Norsk Kulturfond Logo Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune