Velkommen til NordAccordion på Voss, 4.-9. august 2020!

Etter 2 sommar-festivalar spekka med høgdepunkt i 2018 og 2019, så er førebuingane godt i gang for den 3. utgåva av NordAccordion. Reservér perioden 4.–9. august 2020 til enno eit musikkeventyr på Voss. Også i 2020 blandar me lokale artistar og internasjonale kapasitetar – me vil tru at det vert noko for ein kvar smak:

 

Undervising

Undervising

Meisterklassar med dei internasjonalt kjende akkordeonistane
Geir Draugsvoll, Claudio Jacomucci og Ida Løvli Hidle

Konsertar

Konsertar

Konsertar med blant andre
Richard Galliano, Claudio Jacomucci, Ìtrìo, Jo Asgeir Lie og Hanzhi Wang

Delta

Delta

Som elev vil du få spele på ein av konsertane under festivalen og delta på spennande workshops.

Sosialt

Sosialt

Det blir utflukter/sightseeing og hyggeleg sosialt samvær

Voss

Voss

Voss er ei naturperle på vestlandet, besøkt av turistar frå heile verda.
Fjell og fjordar i området er blant Skandinavias største turistattraksjoner. Innlosjering og base for festivalen, er Ole Bull Akademiet i Voss sentrum.

Påmelding

Påmelding

Påmeldingsfrist: 15. mars.
Kurset kostar NOK 6500,-
Kursavgifta dekker kurs, kost og losji på Ole Bull Akademiet, i tillegg til alle aktivitetar under festivalen.

Påmelding

Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han er også ein allsidig musikar og komponist, og blir mykje brukt både som utøvar, formidlar og pedagog. Gjennom snart 20 år har han vore med å prege utviklinga av norsk folkemusikk både gjennom eiga utøving, og gjennom administrativt virke. 

Han har også skrive musikk for ei rekkje ensemble og prosjekt, og har ein produksjon som inneheld teatermusikk, liturgisk musikk, vokal- og instrumentalmusikk.

Som utøvar har særleg folkemusikkgruppa Kvarts vore ein sentral del av virket hans, og med denne gruppa har han gjeve ut 9 cd-ar og fått to Spellemannprisar. Han er også ein mykje brukt studiomusikar innafor ei rekkje sjangrar, og har medverka på eit 30-tals innspelingar innafor ulike sjangrar.  

Jo Asgeir Lie er fødd og oppvaksen på Voss. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, med trekkspel/ akkordeon som hovudinstrument. Han har klassisk musikk, folkemusikk og pedagogikk i fagkrinsen, i tillegg til studiar i komposisjon og musikkadministrasjon.

NordAccordion på Instagram

 

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune