Claudio Jacomucci

Akkordeonist, komponist og pedagog i Alexanderteknikk

I løpet av ei imponerande karriere har Jacomucci vunne fleire internasjonale konkurransar; som Grand Prix International d'accordéon i st. Etienne (1988), Trofeo Mundial de acordeón i Cuenca (1990), Sufmio città di castelfidardo (1990) og Arrasatet Hiria (1994). Jacomucci har urframført ei rekkje verk i samarbeid med våre største komponistar som Luciano Berio, Franco Donatoni, György Kurtag, Luis De Pablo, og sjølv som komponist.

Han har turnert i store delar av verda; Europa, USA, Kina, Mexico, Russland, og spelt på festivalar og institusjonar som Cornell University i New York, Het Concertgebouw i Amsterdam og i Salle Messiaen i Paris for å nemne nokre. Han er grunnleggjaren av det italienske akkordeonakademiet, og har gjeve meisterklassar ved Musikkonservatoriet i Paris, Royal Academy of Music i London, Sibelius akademiet i Helsinki og ved Det Kongelige danske Musikkonservatorium i København. Han har gjeve ut bøkene “Teknikk for knappeakkordeon» (Bèrben) og «Å mestre akkordeonteknikk»: ei ny tilnærming til akkordeon som er basert på Alexanderteknikk. 

Jacomucci blei uteksaminert med utmerkelser som klassisk akkordeonist frå Grenoble konservatoriet i Frankrike i 1992, og som pedagog i Alexanderteknikk frå Alexanderteknikk-senteret i Amsterdam i 2000. Han studerte også samtidsmusikk med ikkje-vestlege teknikkar ved konservatoriet i Amsterdam.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune