Overnatting

All undervisning og nokre av konsertane på festivalen vil foregå på Ole Bull Akademiet. I tillegg vil deltakarar og instruktørar få kost og losji her. Vi oppfordrar alle deltakarar til å bu samla på akademiet. Dette er viktig for samhaldet og for å få den optimale kursopplevinga.

Deltakarane vil bu på to- eller tresengsrom på internatet.  Romma har eige bad og er utstyrt med sengekle og handkle. Deltakarane blir, etter beste evne, fordelt på rom av vår stab. Opphaldet inkluderer tre måltid dagleg; frukost, nistepakke og middag.

For dei som kjem med bil til akademiet, er det bere parkering m/parkeringsautomat (kr 40,- pr. døgn/kr 15,- pr. time - OBS! Aktive parkeringsvakter)

Vêr og klima

Voss kan ofte ha variert vêr i løpet av ei veke. Ta med varme klede, regntøy og gode utesko.

Litt historikk

Fiolinisten Ole Bull (1810-80) var veldig opptatt av norsk folkemusikk. I 1863 ville han starte eit norsk musikkakademi, men Stortinget sa nei til å bevilge midlar. Over hundre år seinere såg spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa behovet for å gje folkemusikken ein plass i høgare musikkutdanning i Norge. I 1976 grunnla han Ole Bull Akademiet, som året etter kunne starte med kurs i slåttespel for fiolinstudentar frå Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkonservatorium. Aktiviteten har auka jamnt med åra. Ved utgangen av 2014 har over 16000 studentar ved norske høgskular og universiteter vore på kurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

 

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Norsk Kulturfond Logo Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune