”Time of Life” - releasekonsert

Mette Rasmussen & Geir Draugsvoll

Fredag 9. august, 20.00 –  Voss kyrkje, Vangskyrkja
Geir Draugsvoll og Mette Rasmussen

Velkommen til ein konsert spekka med sensuelle tonar og lidenskap! Denne duoen har spelt konsertar i bl.a. Danmark, Sverige, Sveits, Frankrike og Kina, då gjerne med Astor Piazzolla på programmet. Tango Nuevo, som er blitt sjølve varemerket for duoen, er i hjarta av klangfargen som dei to instrumenta skapar saman. Duoen utgir nå cd-en “Time of Life” på Naxos, med nokre av komponisten sine mest kjende og populære tangoar på programmet.

Geir Draugsvoll (NO) blir internasjonalt rekna for å vere ein av dei viktigaste musikarane på akkordeon. Med sitt virtuose spel og breide sjangerspenn, har han opptredd på festivalar og i konsertsalar med orkester over heile verda. Han har samarbeid med eit mangfald av komponistar. Mette Rasmussen (DK) har spelt konserter og opptredd på TV og radio i ei rekke land. Ho har gitt ut CD-en “Sentiments” på Scandinavian Classics, med fransk musikk for klaver.

I løpet av sin svært produktive karriere bevega Piazzolla seg også mot komposisjonsmusikk, og gjennom eit av hans klassiske hovudverk; “Hommage à Liège”, vil de få oppleve ein meir utradisjonell, men ikkje desto mindre spennande og lidenskapeleg side av komponisten. 

Pris: kr 270

Billettgebyr kr 20,- kjem i tillegg

KJØP BILLETT HER (Ticketco)

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Voss Kommune Graa
Voss Sparebank Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Logolink Logo Graa
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Hordaland Fylksekommune