Praktisk info
Her vil du finne all nyttig informasjon om kurset. Følg med på denne sida og hald deg oppdatert. Vi kjem til å leggje ut informasjon om timeplan, festivalkonsertar, transport og anna.


Kurset
Kurset varer frå 1.-6. august 2023. Det startar med ein opningskonsert den 4. kl.20.00. Det er mogleg å sjekke inn på Ole Bull Akademiet på førehand same dag. Meisterklassane er i tida 2.-6. august. Utsjekk frå Ole Bull Akademiet skjer etter frukost den 7. august.
Rettleiande aldersgrense på kurset er 15 år. Vi vil likevel leggje til rette for at interesserte barn under 15 år også skal kunne delta. Ta kontakt med oss på: post@nordaccordion.com, for nærare informasjon.
Førebuing
Øv inn repertoaret på forhånd slik at du kan bruke tida på å delta på masterclass. Ta med ein ekstra kopi av alle notar.
Innsjekk og timeplan
Ved innsjekk på Ole Bull Akademiet får alle kursdeltakarar utdelt sin individuelle timeplan. Det vil også bli hengt opp timeplanar og annan informasjon i akademiet sine felleslokale. Følg med på dette, og hald deg oppdatert.
Annan informasjon
Hvis du har spesielle allergiar/behov som du ikkje har opplyst om i søknadsskjemaet, send ein e-post til post@nordaccordion.com med dette.
Dette er eit alkoholfritt arrangement. Det vil seie at det ikkje er tillatt med alkohol inne på Ole Bull Akademiet. Vi ber alle om å respektere dette.
Transport
Bergen lufthavn Flesland er ein av Norges største flyplassar med mange avganger til/frå Norge og utlandet kvar dag. Ta bybanen til Bergen Sentralstasjon, og vidare toget til Voss. Bybanen går kvart 8. minutt og brukar 45 minutt til sentralstasjonen. Toget frå Bergen går ca. ein gong i timen og tar ca. 80 min. Hugs å kjøpe billett på før du går ombord, enten i app, på nett eller i automat på stasjonen. Det går også direkte tog til Voss frå Oslo. Dette er ein vakker togtur på ca. 5 timar og 30 minutt.
Tog: www.vy.no
Bybanen: www.skyss.no
Program
Aktivitetene skjer på Ole Bull Akademiet, dersom ikkje anna er opplyst. Tidspunkt og andre detaljer vil bli annonsert.