Stian Carstensen

There is no translation available. 没有翻译可用

Den folkekjære trekkspelaren og multiinstrumentalisten Stian Carstensen skal under NordAccordion halde konsert på Cafe Stationen. Som soloartist byr han på eit mangfoldig repertoar, og han framfører alt frå hillbilly, barokk, og sjølvlaga humoristiske viser med meir eller mindre bisarre tema.

Han har laga tekster om alt frå lungemos og fleinsopp, samt sosialdemokratiske improvisasjonar over forslag frå publikum. 

Repertoaret hans strekkjer seg frå folkemusikk til klassisk og improvisasjonsmusikk i forskjellige former. Stian er kanskje mest kjent som frontfigur i bandet “Farmers Market” som blant anna mottok Spellemannspris i åpen klasse i 2009 og 2012, men også frå programmet “Landeplage” saman med Ravi. Han har også vore solist med KORK, Metropole Orkestra, Trondheim Symfoniorkester, Wärmland Operas Orkester, Stavanger Symfoniorkester, Huaröds Kammerorkester, Det Norske Kammerorkester og Kristiansand Symfoniorkester.

Follow us:

NordAccordion is organized in collaboration with the Ole Bull Academy and Voss Spelemannslag and with support from: 

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet