Storm Duo

There is no translation available. 没有翻译可用

Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Husavik på Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Sunnmøre utgjer Storm Duo. Deira musikalske og personlege kjemi starta samarbeidet deira i 2017, og sidan har duoen heldt ei rekkje konsertar innanfor mange sjangrar og scener.

Dei brenn for å få akkordeonet ut til folk flest, så vel som til dei som interesserar seg for instrumentet frå før. Duoen har ein brei musikalsk bakgrunn, og er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule, Hochschule für Musik Freiburg og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Under NordAccordion vil dei halde lunsjkonsert på Stalheim Hotell med klassisk, nyskrive musikk, tango, og repertoar frå konseptet “Traces of Traditions”. “Traces of Traditions” er basert på norsk og islandsk folkemusikk, og inneheld både nyskrive musikk av Jo Asgeir Lie og folkemusikkarrangement av Asta og Kristina.

Follow us:

NordAccordion is organized in collaboration with the Ole Bull Academy and Voss Spelemannslag and with support from: 

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet