Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl kjem til NordAccordion for å spele konsert med den klangfulle og nyskapande kombinasjonen akkordeon og bassklarinett.

Dei har spelt saman i over ti år i ulike samanhengar, og har funne eit fellesskap i at begge har pustande instrument. Med Jo Asgeir på eit Pigini Nova og Carl Petter sin bassklarinett, let det djupt, feitt og mektig, men også lyrisk, lett og lengtande. Dei skal spele musikk frå plata “#23” duoen gav ut i 2019, som vart nominert til Folkelarmprisen. Her spelar dei tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen i unike arrangement, der leikane vert framført med improvisasjonsglede, tradisjonskjærleik og dåm av himmel.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet