
Opningskonsert med Jo Asgeir Lie & Carl Petter Opsahl
Stad: Osasalen
Tid: 4. august kl.20.00
Duoen har markert seg med klangfull og nyskapande folkemusikk med den flotte kombinasjonen akkordeon og bassklarinett. Dei skal spele musikk frå plata med navn #23 som kom ut i 2019.

Voss Sparebank sponsorkonsert
Stad: Voss Sparebank
Tid: Torsdag 5. august kl. 16.45
Voss Sparebank er ein av våre faste samarbeidspartnarar, og det har vorte tradisjon for festivalen vår å ha lunsjkonsert i deira vakre lokale. I år skal Storm Duo spele eit utval av sitt breie repertoar på denne konserten, og det blir innslag frå NordAccordion sine særs dyktige elevar.

Onlinekonsert Hanzhi Wang og Claudio Jacomucci
Stad: Streaming/Internett, www.nordaccordion.com
Tid: Torsdag 5. august kl.20.00

Stian Carstensen solo
Stad: Café Stationen
Tid: 6. august kl. 21.00
Stian Carstensen kjem til NordAccordion! Den folkekjære trekkspelaren og multiinstrumentalisten held konsert på Café Stationen fredag 6. august. Som soloartist har han eit mangfoldig repertoar, og vi kan forvente oss alt frå hillbilly, barokk, og sjølvlaga humoristiske viser med meir eller mindre bisarre tema.

Lunsjkonsert med Storm Duo
Stad: Stalheim Hotell
Tid: Laurdag 7. august kl.13.30
Storm Duo består av Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Noreg. Dei brenn for å få ut akkordeonet til folk flest, og har ein brei musikalsk bakgrunn frå mange sjangrar. På lunsjkonserten på Stalheim Hotell vil dei spele sjølvarrangert norsk og islandsk folkemusikk i klassisk stil, samtidsmusikk, tango, barokk, og nyskrive musikk av Jo Asgeir Lie frå verket “Traces of Traditions”. Her serverer dei blant anna “Traces of Halling” og “Traces of Rimur” til publikum.

NordAccordion festkonsert
Stad: Osasalen
Tid: mandag 9. august kl.20.00
Vi er så heldige å ha utruleg dyktige studentar på NordAccordion sitt sommarkurs. Dei har jobba hardt i ei veke med meisterklasser og arbeidsgrupper på Ole Bull Akademiet. I kveld er det dei som skal få skine.