Opningskonsert med Jo Asgeir Lie & Carl Petter Opsahl

Stad: Osasalen
Tid: 4. august kl.20.00

Duoen har markert seg med klangfull og nyskapande folkemusikk med den flotte kombinasjonen akkordeon og bassklarinett. Dei skal spele musikk frå plata med navn #23 som kom ut i 2019.

Dette repertoaret tek for seg tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen i unike arrangement, der leikane vert framført med imporovisasjonsglede, tradisjonskjærleik og dåm av himmel. I denne konserten får ein høyre hallingar, bruremarsjar og reinlenderar i ny drakt og kreativt samspel som berre desse to kan!

Til å begynne med legg vi ut eit avgrensa tal billetter. Vi opnar opp for fleire dersom reglane tillet det. Skulle arrangementet bli avlyst pga. restriksjonar som følgje av Covid-19, er publikum garantert å få pengane tilbake.

Her kjøper du billettar (Ticketco)

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet