Stian Carstensen solo

Stad: Café Stationen
Tid: 6. august kl. 21.00

Stian Carstensen kjem  til NordAccordion! Den folkekjære trekkspelaren og multiinstrumentalisten held konsert på Café Stationen fredag 6. august. Som soloartist har han eit mangfoldig repertoar, og vi kan forvente oss alt frå hillbilly, barokk, og sjølvlaga humoristiske viser med meir eller mindre bisarre tema.

Stian er kanskje mest kjent som frontfigur i bandet “Farmers Market” som har mottatt ei rekkje prisar. Han var også med i programmet “Landeplage” med Ravi, og har vore solist med mellom anna KORK. Nylig blei han nominert til Nordisk Råds Musikkpris.

Til å begynne med legg vi ut eit avgrensa tal billetter. Vi opnar opp for fleire dersom reglane tillet det. Skulle arrangementet bli avlyst pga. restriksjonar som følgje av Covid-19, er publikum garantert å få pengane tilbake.

Her kjøper du billettar (Ticketco)

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet