Onlinekonsert Hanzhi Wang og Claudio Jacomucci

Stad: Streaming/Internett, www.nordaccordion.com
Tid: Torsdag 5. august kl.20.00

 

Hanzhi Wang

Hanzhi Wang har trass sin unge alder allereie gjort stor karriere, og spelt konsertar over heile verda som solist og kammermusikar. Ho har vunne to av dei viktigaste akkordeonkonkurransene for klassiske solistar: The Arrasate International Accordion Competition i Spania (2013) og Primero Category of the International accordion competition in Castelfidardo (2015). Det blir med andre ord svært høg kvalitet på det ho leverer, og på denne konserten skal ho spele utdrag av Goldbergvariasjonane av J.S Bach.

Claudio Jacomucci

Italienske Claudio Jacomucci skal framføre Le Città Invisibili (2021) for mikrotonalt akkordeon. Le Città Invisibili (Invisible Cities) er ei berømt bok av Italiano Calvino. Den utforskar fantasien gjennom skildringar av byar gjort av Marco Polo til keisaren Kublai Khan. Mykje av boka består av korte prosadikt som skildrar 55 fiktive byar som kan lesast som likningar eller meditasjonar om kultur, språk, tid, hukommelse, død eller den generelle karakteren av menneskeleg erfaring.

Musikken som Claudio Jacomucci skal framføre består av 11 korte komposisjoner av han sjølv: ein for kvar bytype. Kvar by er basert på ein spesiell klang eller teknikk frå akkordeonet som komponisten sjølv har transformert, instilt og “sabotert” gjennom åra: eit kvarttoneakkordeon med korrigerte tonestokkar og endring av register. 

Dei kraftige bileta frå Calvino sine tekstar har ført til utforskning av dette unike instrumentet, og bringer opp eit breitt spekter av uventa harmoniske lydar, multifoni og tonebøyningar. Lydstrukturen blir også til ved bruk av kvadrofonisk lydstøtte som i utgangspunktet spesialiserer og multipliserar akkordeonet som live-instrument. Alt lydmateriale er førehandsinnspelte akkordeonlydar utan elektronisk utdjuping. Det blir veksla mellom mikrotonalt- og klassisk akkordeon.

Denne versjonen, spesielt laga for NordAccordion, forsterkast  av den virtuelle tilstadeveringa til Kathleen Delaney i ei videodansførestilling.

Le Città Invisibili blei skrive takka vere støtten frå Fonds Podiumkunsten NL.

Følg oss:

NordAccordion blir arrangert i samarbeid med Ole Bull Akademiet. Tusen takk til våre støttespelarar:

Logo neg
Nordisk Ministerraad Logo Graa
Vestland
Voss Sparebank Graa
Logo Voss Herad
Nordisk Kulturfond Logo Graa
Kulturraadet